Hjem 
Info for bedrifter 
IAESTEs Næringslivsdager 
Bergen 
Info til bedrifter 
Oslo 
Stavanger 
Trondheim 
Jobb i utlandet 
Trainee in Norway 
Bli medlem! 


Login

IAESTEs Næringslivsdager  > Bergen 



Tysdag 2. februar vert det for 13. gong arrangert IAESTEs Næringslivsdag i Bergen. Det kjem bedrifter frå landet rundt og informasjon om bedrifta kan du finne ved å klikke på lenkjene til høgre.

Finanskrise er vel eit ord dei fleste byrjar å verte lei av, men det er ikkje tvil om at situasjonen for nyutdanna er ein annan idag enn kva den var for eit par år sidan. Eg føretrekk å sjå på finanskrisa som ei påminning. Ei påminning om at verda ikkje er så statisk og stilleståande som ein ofte har lett for å tru når jobbmarknaden blomstrar og den økonomiske situasjonen er god. Me er i dag i endringas tidsalder, teknologiske framskritt, global økonomi og ikkje minst endringar i klima tyder alle på at dagen i morgon vil verte forma av handlingane våre idag.

Som student kan det vere vanskeleg å måtte innsjå at det ikkje er sjølvsagd at draumejobben ligg og ventar etter endt Bachelor/Master eller PhD. Men ved å delta på næringslivsdagen, kan ein snakke med bedrifter om kva jobbar som er tilgjengeleg, kva fag som er lurt å velje, samt få innspel på kva dei synst om din CV eller dine karakterar.

Så, ta med deg CV, karakterutskrift og skaff deg ein fot innafor næringslivet!

Program

  • 09:30 Stands opnar
  • 12:15 Lynpresentasjonar i auditorium 2
  • 13:00 Kurs i intervjuteknikk i auditorium 2 (Regi: Manpower)
  • 14:30 Dagen sluttar av med foredrag av Frode Kyvåg

Kurs / Karriere

  • Jobbsøkarkurs v/ Karrieresenteret måndag 1/2 kl. 16:30-18:30, Realfagbygget: Auditorium 3. Eit glimrande høve til å finpusse CV-en og forberede deg til næringslivsdagen.
  • Intervjuteknikk v/ Manpower Professional Engineering 2/2 kl. 13:00, Aud. 2
    Lær deg å imponere på jobbintervjuet!
  • Karrieresenteret vil være tilgjengeleg med stand under næringslivsdagen
    Få råd og tips om utdanning/ karriere

IAESTEs bedriftsguide
Lurar du på kva dei ulike bedriftene som kjem held på med? Kva studieretningar dei er interessert i? Kva jobb dei kan tilby? Få ein smakebit på http://bergen.bedriftsguiden.org. Trykt versjon vil verte delt ut på sjølve dagen.

Konkurransar
Det vert halde fleire konkurransar i løpet av næringslivsdagen. Her kan ein vinne PC, iPod m.m.

Facebook
Her kan du føre deg opp som deltakande på Facebook-hendingane:
IAESTEs Næringslivsdag 2. februar
Jobbsøkarkurs måndag 1. februar

Kontakt
Du kan kontakte arrangementsgruppa på e-post: inb@iaeste.no


Leiar IAESTEs Næringslivsdager 2010
Kjetil Lavik
Epost: kjetil (a) iaeste.uib.no
Tlf.: 97 11 83 46

Nestleiar
Stein Johannessen
Epost: stein (a) iaeste.uib.no
Tlf.: 45 24 85 42

Profileringsansvarleg
Siri Utby
Epost: siri (a) iaeste.uib.no
Tlf.: 47 64 41 70

Økonomiansvarlig
Alexander Nicolaysen Sørnes
Epost: alexander (a) iaeste.uib.no
Tlf.: 92 21 30 57

Logistikkansvarleg
Nina Henne
Epost: ninah (a) iaeste.uib.no
Tlf.: 90 36 72 88

Teknisk ansvarleg
Kjetil Eide
Epost: kjetile (a) iaeste.uib.no
Tlf.: 95 75 02 55

Bedriftsguideansvarleg
Irene Haugen Ødegård
Epost: irene (a) iaeste.uib.no
Tlf.: 97 18 09 67

Livar Bergheim
Epost: livar (a) iaeste.uib.no
Tlf.: 93 40 29 82

 


Alette Viken
Epost: alette (a) iaeste.uib.no
Tlf.: 93 83 73 25

 

Kjetil Heitmann
Epost: kjetilh (a) iaeste.uib.no
Tlf.: 97 74 87 22

 


   
Det Norske Veritas Tekna Studentsamskipnaden i Trondheim